Matched: mediateket/biografier/(.*)

The Ivy Gang

Velg forbokstav på

Punkband frå Voss, aktivt 1984-88, starta av Eirik Helleve (trm), Arnfinn Helleve (gtr, vox) og Steinar Knapstad (bs). The Ivy Gang var prega av stadige skifte i oppsettet, og det fyrste av desse var då Inge Vadla overtok gitaren og Arnfinn Helleve konsentrerte seg om berre å syngja. Vadla spela samstundes i den populære gamalrockgruppa Traktor Boys Traktor.

Då Vadla slutta i gruppa, gjekk Knapstad frå bass til gitar, og Torstein Helleve tok over bassen, slik at det no var tre Helleve-brør i gruppa. Denne utgåva av gruppa debutera på Rarock i juli '84, og spela fleire konsertar. Dei spela sjølvlaga punk, titlane inkluderte "Plastikkpønk", "Kommunist", "Landssvik", "Kubikkfres" og "Himmelsk Orgasme", sistnemde karakterisert som "depresjonistisk" av Eirik Helleve. Dette oppsettet av gruppa spela óg til jul i '84, og denne konserten vart teken opp. "Landssvik" og "Kubikkfres" kom ut på samlekassetten Noize of Norway frå det kjende punkkassettselskapet Den Onde Sirkel.

Då julekonserten fann stad, var det mest som ein reunionkonsert å rekna, for gruppa hadde alt hatt eit nytt medlemsskifte. Arnfinn og Torstein Helleve gjekk ut, Eirik Helleve gjekk frå trommer til bass, og Arnfinn Nikolaisen kom inn på trommer. Ein vossemusikar som berre er kjend under namnet Skrotten kom inn på gitar etter ei stund.

På denne tida var øvingstida klokka ni laurdags morgon, men å spela i punkband på Voss var aldri nokon karriereveg, og soleis kunne Eirik Helleve nedprioritere bandet for ein av sine andre hobbyar, fotballen. Medan Helleve såg tippekampen på TV, øvde Knapstad (bs), Skrotten (gtr) og Nikolaisen (trm), og dei såg det slik at han hadde slutta i gruppa.

Helleve meinte tvertom at det var han som hadde sparka dei, og sette saman sitt eige The Ivy Gang med seg sjølv på trommer, Arnfinn Helleve på bass og vokal og Vadla på gitar og vokal. Dette oppsettet spela ein konsert, på NRF Rockens Dag i september '86 då dei varma opp for Kong Hong. Gruppa spela berre to songar, den eine heitte "Foståsstilling". Med Vadla i gruppa braut The Ivy Gang med 77-punken, no vart det pop med islett av gamalrock.

The Ivy Gang eksisterte ikkje særleg lenge, og ei heller var popsongane på reportoaret lenge. Då The Ivy Gang deltok på VM i Rock i '87 spela dei den tre år gamle punksongen "Kommunist", attåt "Skulen" og "Middag" med tekstar av Lars Gjerdåker. Det nye oppsettet av gruppa var Helleve på bass, Knapstad var teken inn att og spela gitar, medan Terje Lydvo (vokal) og Anders Bakk (trommer) var nye i The Ivy Gang-samanheng. Gruppa gjorde det heller dårleg i konkurransen, og Gjerdåkers tekstar fekk mykje av skulda for det. Lydvo gjekk vidare til ei gruppe med namnet Plastikk Odo Band.

Det åttande og siste oppsettet av The Ivy Gang hadde Helleve på trommer, Vadla på gitar og vokal og Tor Johannesen på bass og vokal. Med Vadla og Johannesen frå Traktor Boys Traktor vart musikken pop/gamalrock, og "Foståsstilling" kom på repertoaret att. Hausten '87 varma gruppa opp for Max Axe, men då dei tre fyrste songane alle vart avbrotne (grunna sikringar og strengar som rauk), ga dei seg. Tidleg i '88 dro Helleve frå Voss, og gruppa vart lagt på is.

Fleire The Ivy Gang-medlemmar gjekk då vidare til heavy-gruppa Homo Norols on Glue. Førsteoppsettet var Knapstad og Skrotten på gitar, Bakk på trommer og Brynjulv Melve på bass. 20 minutt før den fyrste og einaste konserten kom Arild Nordbø inn som vokalist. Han slutta 20 minutt etter konserten. Andreoppsettet hadde Nikolaisen på trommer og Nina på vokal.

The Ivy Gang har gjort relativt lite ut av seg utanfor Voss, jamvel om Noize of Norway er ein kassett som har seld nokså bra, og dei har varma opp for nokre ganske kjende grupper. Voss hadde hatt ei fanzine, Til Folkets Beste, som var spreidd over heile landet, men det siste nummeret kom sumaren '84 og var eit stort tapsprosjekt, så da The Ivy Gang var aktivt, hadde ikkje Voss noko landsfremnande fanzine som kunne skriva om gruppa.

Dette har òg ført til at det finst heller lite skriftleg dokumentasjon om gruppa: Eirik Helleve sette opp eit stamtre tidleg på nittitalet, og det meste av informasjonen i denne artikkelen kjem derifrå. I ettertid er det ingen i gruppa som riktig hugsar alt dette, men heller ingen som er sikre på at det er noko som er feil i dette stamtreet. Men det er sterkt delte meiningar om korvidt ei gruppe Steinar Knapstad ikkje var med i har nokon rett til å kalla seg The Ivy Gang. Pop- og gamalrockoppsetta med Inge Vadla er soleis å rekna som halvoffisielle utgåver av The Ivy Gang.

Biografien er skrevet av Anders Moe. Materialet er copyright © Rockheim.