Gjør endringer

Grand Mal

Dannet: desember 1983
Splittet: 1985
Fra: Voss

Postpunkband frå Voss, aktivt frå 1983 til 1985. Bandet blei starta i desember 1983 med Steinar Knapstad (gitar, bass, f. 1967), Arnfinn Helleve (gitar, bass, vokal, f. 1967) og Terje Lydvo (trommer, f. 1967). Dette oppsettet spela debutkonserten, men trommisen var nybyrjar og hadde nok hatt litt for lite øving, og Til Folkets Beste skreiv at "for dei fleste publikummarar vart dette ei musikalsk lidelse. Eg for min del syns det var den til no artigaste konserten." Etter dette skulle Grand Mal.. Les mer..

Postpunkband frå Voss, aktivt frå 1983 til 1985.

Bandet blei starta i desember 1983 med Steinar Knapstad (gitar, bass, f. 1967), Arnfinn Helleve (gitar, bass, vokal, f. 1967) og Terje Lydvo (trommer, f. 1967).

Dette oppsettet spela debutkonserten, men trommisen var nybyrjar og hadde nok hatt litt for lite øving, og Til Folkets Beste skreiv at "for dei fleste publikummarar vart dette ei musikalsk lidelse. Eg for min del syns det var den til no artigaste konserten."

Etter dette skulle Grand Mal varme opp for Wannskrækk, men Lydvo fann ut at han heller ville syngja enn spela trommer, så Asbjørn Nikolaisen blei henta inn. Han hadde spela trommer i to år og var med i mange vossagrupper, nokre meir seriøse, nokre mindre. Grand Mal blei ei av dei meir seriøse når Nikolaisen hadde sett seg bak trommene. Torstein Helleve (f. 1964) kom med på orgel etter ei stund. Musikkstilen kalla dei "situasjonsrock" i ein sjølvpresentasjon i fanzina Til Folkets Beste. Tekstane var på engelsk og handla stort sett om atombomber alle som ein, til dømes den mest kjende songen "Soldier": "I don't wanna be a soldier, I just wanna drop the bomb." Eit par norske songar kom til seinare, desse var like depressive som dei engelske.

Oppvarminga for Wannskrækk blei det ikkje noko av, så Grand Mal spela lokalt i Voss på rockemønstringer som Vossmeisterskapen i Rock (VM i Rock) og diverse Gryterockar.

Grand Mal var ei av tre vossagrupper som var på Ålvik i studioet til Luzelle for å spela inn nokre songar. Då kassetten blei omtala i Til Folkets Beste ei stund før utgjevinga var tittelen En dag i min onkels sjark, men då kassetten kom ut, heitte han The Day Before. Humbug Tapes, eit lokalt kassettselskap som var drive av Håvard Graudo, ga ut kassetten, og tok óg songen "Soldier" med på samlekassetten Bonderock.

Kassetten blei vurdert i Nye Takter, Geir Rakvaag kalla det "typisk 'kassett-musikk', tung, dyster, Joy Div-derivert misnøye", og meinte at "musikalsk kunne Grand Mal med fordel hengt bedre sammen, de snubler i taktene, og synther og skurrende gitarer gjør sitt beste for å drukne vokalisten(e)."

Grand Mal deltok i VM i Rock i 1984 og kom på 7. plass i publikumsrøystinga, av totalt 20 grupper. Meldaren i Til Folkets Beste skreiv at dei "spelar ein musikktype som dei påstår er 'deppjazz'.(?) Eg syns ikkje det har så veldig mykje med jazz å gjera, men meir punk. Bra er det iallefall."

Gruppa spela på Langøyafestivalen i juni 1984, men det blei ikkje noko stort karrierehøgdepunkt. Det var ikkje mykje folk på festivalen, og Nye Takter skreiv: "Grand Mal fra Voss har jeg ikke mye positivt å si om. Riktignok var de unge, men de var ikke annet enn en Wasted Youth-kopi." Dei fekk óg påpakning for å ha rappa introen til "Elektrisk" med Kjøtt. Fleire konsertar utanfor Voss var det inga stemning for i gruppa.

Gruppa heldt fram ut i 1985, og Eirik Helleve var keyboardist ei tid på slutten.

Medlemmer

Arnfinn Helleve Gitar, bass, vokal
Asbjørn Nikolaisen Trommer
Eirik Helleve Keyboards (1985)
Steinar Knapstad Gitar, bass
Terje Lydvo Trommer (1983)
Torstein Helleve Orgel

Medvirker på

Diverse artister
Bonderock
1984
Diverse artister
The Day Before