Gjør endringer

Aqua Velva Bænd

Dannet: 17. desember 1982
Splittet: desember 1983
Fra: Voss

Punkband frå Voss, starta 17. desember 1982, fire timar før debutkonserten. Då var medlemmane Steinar Knapstad (gtr), Asbjørn Nikolaisen (vox), Eirik Helleve (trm), Knut Hjeltnes (gtr) og Øyvin Tronstad (bs). På debutkonserten spelte dei same songen tre gongar. Dagen etter vart bandet sett saman på nytt: Knapstad heldt fram på gitar, Helleve gjekk frå trommer til gitar, Nikolaisen gjekk frå song til trommer, Hjeltnes gjekk frå gitar til bass, og Tronstad gjekk ut av gruppa, medan Bonden (aka Ivar Gjerdåker).. Les mer..

Punkband frå Voss, starta 17. desember 1982, fire timar før debutkonserten. Då var medlemmane Steinar Knapstad (gtr), Asbjørn Nikolaisen (vox), Eirik Helleve (trm), Knut Hjeltnes (gtr) og Øyvin Tronstad (bs). På debutkonserten spelte dei same songen tre gongar.

Dagen etter vart bandet sett saman på nytt: Knapstad heldt fram på gitar, Helleve gjekk frå trommer til gitar, Nikolaisen gjekk frå song til trommer, Hjeltnes gjekk frå gitar til bass, og Tronstad gjekk ut av gruppa, medan Bonden (aka Ivar Gjerdåker) vart ny vokalist.

Dette oppsettet heldt saman heilt fram til avskjedskonserten på eit Gryterock-arrangement i desember 1983, omtrent nøyaktig eitt år etter debutkonserten. Bandet vart såleis ei av dei meir stabile gruppene på Voss, jamvel om det ikkje var noko spesielt aktivt band: dei laga berre omkring fem songar.

Aqua Velva Bænd spela hardcorepunk i høgt tempo. Vossefanzina Til Folkets Beste kalla musikken “vanlege standard tregrepspønkelåtar”. Denne korte konsertmeldinga var skrive av Eirik Helleve, som altså sjøl var med i gruppa. Det er ikkje mogleg å høyra noko av teksten på det opptaket som finst, fordi vokalisten hev ei guttural framføring som er typisk for hardcorepunk. Men nokon må likevel ha funne ut kva han song om, for gruppa måtte sensurera nokre av tekstane.

Knapstad og Nikolaisen hadde alt spelt saman i november 1982, då dei øvde med Slumsøstrenes Daglige Trøst, ei gruppe som aldri spela ute. Her var Knapstad bassist, Nikolaisen trommeslager og Torstein Helleve spela gitar og song. På øving spelte dei 'I Don't Care' og 'Silly Thing”. Nikolaisen og Helleve var båe med i Fjerned Haarwæxsth.

Fire av medlemmane i Aqua Velva Bænd spelte óg i Samefan frå september 1983. Knapstad song, og Nikolaisen, Helleve og Hjeltnes spela trommer, gitar og bass som i Aqua Velva Bænd.

At folk spelte i så mange grupper samtidig, heng truleg saman med den forma konsertane på Voss hadde. Kvart år skipa Rockeklubben til nokre Gryterockar og VM i Rock (les Vossameisterskapen), og interesserte melde seg på. Ville ein spela mykje, kunne ein vera med i meir enn eitt band, og ville ein gratis inn, kunne ein spela i ei mindre seriøs gruppe. 'Devils Dressed In Black og Gutane Frå Vangsen er jo kun kødd”, sa Nikolaisen, som var med i båe gruppene, til Til Folkets Beste.

Hjeltnes vart att heime då Aqua Velva Bænd, Gonoreagan, Fjerned Haarwæxsth og Tractor Boys Tractor tok turen til Opheim for å spela på ungdomsklubben der, ettersom det var uvisst om Aqua Velva Bænd skulle få vera med. Det fekk dei, så den eine gitaristen overtok bassen, og gruppa spelte fem songar. ”Bra stemning blant vossingane, men opheimingane såg ut til å kjeda seg. Ein av grunnane kan vera at det berre er 6-7 år sidan punken slo igjennom, og det tek litt tid å nå fram til utkantane” (Frå Til Folkets Beste #77). Dette vart einaste spelinga deira utanfor Voss.

I vossefanzina Til Folkets Beste kunne ein lesa om Aqua Velva Bænd og andre vossegrupper, men kassettselskapet Humbug Tapes kom ikkje i gang før etter at Aqua Velva Bænd vart oppløyst. Men Aqua Velva Bænd har ei låt, “Snacken”, på samlekassetten Noise Of Norway frå 1985.

“Snacken” er ein rett-fram og stå-på hardcorepunklåt, tatt opp live med kassettspelar. Låta har eit langt midtparti der trommer og bass held riffet gåande, medan det er bråk og skriking: 'Kylling!' Det ein høyrer, er eit scenestunt det skulle gå gjetord om i lang tid. Gruppa hadde smugla ei høne inn på konserten i ein sekk, og under siste låt hogg dei hovudet av ho på scena.

Denne avskjedskonserten fekk meir pressedekning enn resten av vossemiljøet tilsaman, noko Til Folkets Beste ikkje var glad for: 'I årevis har musikklubben i Vangsgryto arrangert 'Gryterock'. Ofte svært bra konsertar. At avisene og radio totalt har oversett desse tilstelningane er ein ting. Men når det på sist Gryterock vart slakta ei høne på scenen, vert dette slått opp med feite typar som: ‘Bestialsk på Voss’ og ‘Blodig sirkus’ utan å nemne eit ord om musikken. Å driva eit blad på den måten passar for Se og Hør, PS osv. Iallefall ikkje i eit blad som gjer seg ut for å vera seriøst.'

Avisa Hordaland kalla innslaget 'bestialsk' og skreiv: 'Det som gjer saka ekstra alvorleg er at dei fem i gruppa alle er med i styret i ungdomsklubben.' Gruppa vart meld til politiet, men politiet såg ikkje spesielt alvorleg på saka. Under avhøyret sat politifolka og lo, høna var humant avliva, og nokon straff vart det ikkje tale om.

Knapstad gjekk vidare til Grand Mal. Bonden hadde alt starta gruppa Gonoreagan. Nikolaisen og Helleve spelte i Fjerned Haarwæxsth parallelt med Aqua Velva Bænd.

Medlemmer

Asbjørn Nikolaisen Vokal, trommer
Eirik Helleve Trommer, gitar
Ivar Gjerdåker Vokal
Knut Hjeltnes Gitar, bass
Steinar Knapstad Gitar
Øyvin Tronstad Bass

Medvirker på

Diverse artister
Noize Of Norway
1985
Diverse artister
Noise Of Norway
1985