Gjør endringer

Alexey Kurbanov

Født: 16. november 1971
Også kjent som: Alex Kurbanov + Alexey E. Kurbanov
Fra: Aure

Alexey E. Kurbanov er organist, pianist og komponist. Han er i dag, sidan 2000, organist og musikklærar i Aure i Møre og Romsdal. Kurbanov er fødd i 1971 i den gamle vikinghovudstaden Novgorod (Holmgard) i Gardarike (Russland, Sovjetunionen). Utdanna frå ein av verdas beste musikkinstitusjonar - Leningrad/St. Petersburg Rimsky-Korsakov Musikkonservatoriet, ogso frå Rotterdams Conservatorium. Kunstvitskapskandidat. Alex hev komponert ca. 180 verk for forskjellege instrumentale og vokale setnader. Sidan 1984 hev han drive med konsertverksemd i Sovjet/Russland, Noreg og andre land,.. Les mer..

Alexey E. Kurbanov er organist, pianist og komponist. Han er i dag, sidan 2000, organist og musikklærar i Aure i Møre og Romsdal.

Kurbanov er fødd i 1971 i den gamle vikinghovudstaden Novgorod (Holmgard) i Gardarike (Russland, Sovjetunionen). Utdanna frå ein av verdas beste musikkinstitusjonar - Leningrad/St. Petersburg Rimsky-Korsakov Musikkonservatoriet, ogso frå Rotterdams Conservatorium. Kunstvitskapskandidat.

Alex hev komponert ca. 180 verk for forskjellege instrumentale og vokale setnader.

Sidan 1984 hev han drive med konsertverksemd i Sovjet/Russland, Noreg og andre land, båe solo og i samarbeid med fleire andre musikarar. Han spelar forskjellige tangentinstrument: orgel, piano, harmonium, cembalo og klavikord. Han spelar musikk i nesten alle slags sjangrar, frå klassisk til slager- og filmmusikk.

Alex deltok i diverse musikkprosjekt, mellom anna i musikalen 'Spelmann på taket' (2001, Aure og Brekstad), og i samling av folkemusikkboka Enno så segla ho Magnill, Nordmøre Mållag, 2002. Han er aktiv målmann og mållagsmedlem.

Han er óg medlem i St. Petersburg Union of Composers, Deutsche Richard-Wagner-Gesellschaft, TONO, GRAMO, MFO, GramArt, Det Norske Orgelselskap, Svenska Orgelsällskapet, EPTA Noreg, Trondheim Kammermusikalske Selskap, Griegselskapet i Oslo og FolkOrg (lokallag - Nordmøre Spelmannslag).

Alex er tildelt Kuilturprisen for Aure kommune for året 2009.

Han hev spelt inn piano-CD Vintermusikkens store perler (2008) og dessutan medverka på Nordmøre Spelmannslag sin jubileums-CD ...og slåtten klang døyvd i moll (2012).

Medlem i

Nordmøre Spelmannslag Medlem